Gode vener i Norkirken!
På søndag (11. januar) feirer vi gudsteneste kl 11 på Frekhaug bedehus.
Det er den første gudstenesta for året, og avslutter bønneveka. Gjennom veke 2 har vi hatt følgjande samlingar:
- Bøn og lovsang på Frekhaug (mandag) og i Bergen (onsdag– med Normisjon Hordaland)
- Bønevandringar med bøn for lokalsamfunn i Knarvik (tysdag) og på Frekhaug (torsdag)
- I tillegg til dei organiserte samlingane har fleire av dykk vore med i bøn på eigahand eller saman med andre – for misjon, naboar, barn og unge, kristne fellesskap, lokalsamfunn, land og verda – gjennom veka
Søndag er det som vanleg bønnemøte før gudstenesta, kl. 10.30
Gudstenesta:
- Bjørnar taler om bøn
- Det vert eigne samlingar for Kongebarna og Sofagjengen
- Kollekt til Norkirken sitt arbeid
- Og sjølvsagt kyrkjekaffi og godt sosialt fellesskap etter gudstenesta!
Fresh
Fredag er det duka for årets første Fresh – for ungdommar frå 8.klasse og oppover – på Frekhaug bedehus kl. 19.30–22.30!
Dei får besøk av eit team frå Internasjonal-linja ved Bildøy Bibelskule.
Kva skjer framover i Norkirken?
Neste gudsteneste:
Fellesskapsdag søndag 25.januar!
Vi begynner med vanleg gudsteneste på Frekhaug bedehus kl. 11. Etter gudstenesta reiser vi saman til Knarvik Arena og “Afterchurch” for alle! Det vert godt fellesskap med aktiviteter og god mat (vi bestiller pizza). Vi har hall, buldrerom og kjøkken til disposisjon.
(Det vert altså ikkje vanleg kyrkjekaffi på Frekhaug denne søndagen)
Denne dagen er eit flott høve til å bli betre kjend og bruke meir tid saman enn vi gjer ein vanleg søndag. Det er òg høve til å invitere med seg nokon som er nysgjerrige på menigheten vår!
Uforpliktande påmelding til Susanne Rebnord (951 19 808) eller Renate Waldow (915 50 548)
Vi treng òg hjelp av folk til å bake i forkant og organisere ulike aktiviteter for folk i alle aldrar – så vær frimodig og meld deg til teneste til Susanne/Renate!
Vi håper mange vil bli med på ein kjekk søndag saman med Norkirke-familien!
Alpha – Oppstart 15.jan
Felles Alphakurs – i samarbeid mellom kyrkjer i Nordhordland.
Det er framleis mogeleg å invitere med seg nokon som er nysgjerrig på den kristne trua, nye i trua eller berre ønskjer å bli betre kjend med kva vi trur på. Kurset bruker Alpha sine video-leksjoner, har samtale i grupper og deler måltidsfellesskap saman.
Info og påmelding: alphainordhordland.no
Gi gjerne ein lyd dersom de eller nokon de kjenner har lyst til å være med!
Gi gjerne òg ei tilbakemelding om du ønskjer å bidra som gruppeleiar gjennom kurset, eller ønskjer å bidra med å lage mat ein eller fleire torsdagar.
Alphakurset er på Meieriet Frekhaug, kvar torsdag kl. 19–21, frå 15. januar.
Medlemskurs – tysdag 20.jan
Ønskjer du å bli medlem eller berre vite meir om kva Norkirken er og står for?
Ønskjer du å koble deg på fellesskapet og bidra inn med dine styrker og gåver?
Kurset er ikkje forpliktande, men er nødvendig for å bli medlem.
Frekhaug bedehus (Kjellerstova), kl. 19:00–20:30
Påmelding til bjornar@norkirken-nh.no innan mandag 19. jan.
Ønsker du å ta medlemskurset, men så passer ikkje datoen? Ta gjerne kontakt, så finn vi ein passande dato ila våren!
Kva seier bibelen om KI (Kunstig Intelligens)? – onsdag 21. januar
Bibelundervisning ved Clemens Cavallin, Professor i Teologi, religion og filosofi ved NLA Høgskolen.
Kyrkjetorget, Frekhaug, kl. 20.00–21.30
Impuls – 30.jan‑1.feb
Vi har framleis nokre få plassar på bussen og ledige billetter om de veit om nokon som ønskjer å bli med! Påmelding til Bjørnar
Alder: 9.klasse og oppover
G11‑U – søndag 8.feb
Utdeling av Biblar til 6., 7. og 8. klassingar
(gi gjerne tilbakemelding om dykkar ungdom ønskjer Bibel på nynorsk eller bokmål om de ikkje har gjort det allereie!)
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

