God helg!

For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei. – Matt 18:20

Gode vener i Norkirken!

På søndag inviterer vi til Fellesskapsdag:

  • Gudsteneste kl. 11 på Frekhaug bedehus
  • “Afterchurch” for alle kl. 13–16 i Knarvik Arena (Knarvik Barneskule).

I Knarvik blir det pizza, quiz, ulike aktiviteter (spel, gymsal-aktiviteter, buldring), mingling, kaffi og kaker. Her kan alle være med – uansett aktivitetsnivå. Du er velkommen til å bli med så lenge du har lyst!

Denne dagen er eit flott høve til å bli betre kjend og bruke tid saman. Det er òg eit fint høve til å invitere med seg nokon som er nysgjerrige på menigheten vår!

Det er ikkje behov for påmelding om fleire vil bli med enn dei som allereie har meldt seg på i undersøkande påmelding.

Vi rekner med nokon har ekstra plass i bilen dersom du trenger skyss frå Frekhaug til Knarvik. Vi tar ei opptelling på det etter gudstenesta.

(Det vert altså ikkje vanleg kyrkjekaffi på Frekhaug denne søndagen. Det er mange som har meldt seg til å bake, og kaffi står vi for).

Kva skjer framover i Norkirken?

Impuls – 30.jan‑1.feb

Neste helg reiser vi til Impuls Stavanger med ein god gjeng ungdommar. Vær gjerne med å be for oss og for konferansen!
Vi har framleis nokre plassar på bussen om de veit om nokon som ønskjer å bli med! Påmelding til Bjørnar

Alder: 9.klasse og oppover

 

Neste gudsteneste:

G11‑U – søndag 8.feb

Med nattverd og bønnevandring
Utdeling av Biblar til 6., 7. og 8. klassingar
Afterchurch for ungdom (8.klasse +)

 

Hele Norge Ber –  11. februar!

Vi ber heile døgnet på Frekhaug bedehus, saman med Frekhaug Indremisjon. Det vert etablerer eit fint bønnerom i sidesalen – der blir det mellom anna sofa, nokre bønnevandringsstasjonar, mulighet til å spele av musikk og ulike ressursar til å be. Bønn handlar om å bruke tid med Gud, og det kan ein gjere på mange ulike måtar!

De kan melde dykk til “bønnevakter” gjennom dette døgnet – gjerne fleire saman!

I tillegg vert det følgjande fellessamlingar som alle kan være med på:

kl. 9–10 – Bønn og lovsang

kl. 12–13 – Bønn midt på dagen

kl. 20–22 – Bønn og lovsang

Resten av døgnet er åpent for “booking”. Start midnatt (natt til onsdag 11.02).

Vi åpner påmelding til bønnevakter onsdag neste veke.
Då vil de kunne melde dykk til vakter i ein online kalender, eller melde dykk på til meg via mail eller sms (48605914).  Link til påmelding i online kalender vert sendt til alle mottakarar av nyhetsbrev på mail neste veke.

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland