Hele Norge Ber: 24-timer bønn onsdag 11. februar

Norkirken Nh og Frekhaug Indremisjon tar del i bønnestafetten «Hele Norge Ber» og inviterer til å bli med å be eit heilt døgn på Frekhaug bedehus!

Gjennom “Hele Norge Ber” dekker menigheter, fellesskap og ungdomsarbeid landet i bønn gjennom heile 2026. Vi ber for landet vårt, lokalsamfunn, kristne fellesskap og at folk skal bli kjent med Jesus. Tittelen for bønneåret er «Håp». 

Bøn er noko alle kan ta del i! Bøn er fellesskap med Gud og vi får kome til han med det som ligg oss på hjartet. Det kan vi gjera på mange ulike måtar: med eigne ord, med ord og bøner frå Bibelen, med bøner andre har formulert for oss, i tungetale, i ordlause sukk, i stillheit og ved å lytte. Gud knyter løfter til bøn. Når vi ber, kjem vi til Gud i tillit til at han høyrer og tek imot oss. Vi trur at Gud verkar når vi ber. Bøn kan endre omgivnadene våre – og bøn endrar oss, ved at vi blir forma av Guds nærvær og vilje.

Til onsdag 11.februar lagar vi til eit fint bønnerom i sidesalen på bedehuset – med ein fin atmosfære, ein god sofa, praktiske stasjoner som i ei bønnevandring, moglegheit til å spele av musikk og ulike ressursar til å be. Ein kan òg henge opp bøneemne, bønesvar, ord til oppmuntring, teikningar eller andre ting som vitnar til dei som kjem etter deg om bønene som er bedt i bønnerommet tidlegare.

Det vert vatn og kaffi tilgjengeleg i bønerommet. 

Ulike måtar å bli med: 

  1.   De kan melde dykk til “vakter” gjennom døgnet – Start midnatt (natt til onsdag 11.02). De kan gjerne be fleire saman! 

    «Booking» via online kalender:
    https://pray.24–7prayer.com/signup/2dcb43

    Velg timen du vil be – skriv inn namn og e‑postadresse (du kan registrere deg som gjest utan å lage profil) – lagre ved å trykke «finish».


    Du kan òg melde deg til bønnevakter direkte til Bjørnar Sæle om du har trøbbel med online booking: Mail til bjornar@norkirken-nh.no / sms: 48605914


  2. Bli med på fellessamlingar gjennom dagen:
  • kl.9 – 10 | Bøn og lovsong
  • kl.12–13 | Bøn midt på dagen
  • kl.20–22 | Bøn og lovsong

Under fellessamlingane utvidar vi bønerommet inn til hovudsalen og opnar opp for alle som vil være med!


Dersom du ikkje har moglegheit til å bli med på noko av det vi setter opp på Frekhaug bedehus dette døgnet, kan du kva tid som helst bli med i bøn der du er, og vite at nokon i fellesskapet ber saman med deg. 

 

Guds fred! 

Helsing dei tilsette i Norkirken Nordhordland og Frekhaug Indremisjon