Gode vener i Norkirken,
Velkommen til fellesskap i Norkirken denne helga!
G11‑U og Afterchurch
På søndag feirer vi gudsteneste, G11‑U med bønnevandring og nattverd.
Som vanleg er det bønnemøte før gudstenesta, kl. 10.30
Under gudstenesta skal vi dele ut Biblar til 6., 7. og 8.klassingar.
Det blir Kongebarna-samling under talen, og kyrkjekaffi og sosialt fellesskap etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og kaffimat!
Afterchurch (8.klasse +)
Etter gudstenesta inviterer vi ungdommane til Afterchurch på skøyter på Sauvatnet, ved Sauvågen (Hjelmås) – ta av E39 ved Hageland Eikanger, vatnet ligg tett ved vegen de tar inn på, ca. 500m frå E39.
Ta med skøyter, varme klede og god stemning – vi stiller med bålpanne og noko å bite i!
Oppfordrer foreldre til å stille som sjåførar, og gjerne ta med fleire ungdommar som trenger skyss – samkjøring vert organisert rett etter gudstenesta.
Fresh
Fredag er det Fresh på Frekhaug bedehus kl. 19.30–22.30
Hele Norge Ber – 11. februar!
Bøn døgnet rundt på Frekhaug bedehus, saman med Frekhaug Indremisjon. Vi etablerer eit fint bønnerom i sidesalen, der de kan melde dykk til “bønnevakter” gjennom døgnet, gjerne fleire saman! Start midnatt (natt til onsdag 11.02).
Pr. no er det berre to timar som står tomme: 02–03 på natta, og 14–15 på dagen – vonar nokon vil melde seg til desse.
Elles er dei fleste timane i døgnet åpne for fleire påmeldingar. Det god plass til fleire i bønnerommet samtidig!
Sjekk kalender og meld dykk opp via denne linken, eller ta kontakt med Bjørnar (48605914).
I tillegg vert det følgjande fellessamlingar:
kl. 9–10 – Bønn og lovsang
kl. 12–13 – Bønn midt på dagen
kl. 20–22 – Bønn og lovsang
Bøn kan endre omgjevnadene våre, men først og fremst gjer det noko med oss og med fellesskapet vårt, når vi intensjonelt setter av tid til å søke Gud og sitte ved Jesu føter. Håper mange vil bli med på dette!
Kva seier bibelen om mor og far? – onsdag 18. februar
Bibelundervisning ved Cathrine Lofnes, Prosjektansvarlig “Mammashjerte”, Tro og medier, og hovedleder for Jesusfellesskapet saman med ektemann, Steinar.
Kyrkjetorget, Frekhaug, kl. 20.00–21.30
Neste gudsteneste: søndag 22. febr
Årsmøte i Norkirken Nordhordland: tysdag 3.mars – middag kl.18, årsmøte frå kl. 19
Invitasjon, saksdokumenter og info om påmelding til middag vert sendt ut til medlemmar innan 15.februar.
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

