God helg og vinterferie!

Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. – 1.Joh 4:12

Gode vener i Norkirken Nordhordland,

Tidleg utsending av nyhetsbrev denne veka.

Dødsfall i Norkirken

Søndag 8. februar fekk vi den triste beskjeden om at Anne Lorange har gått bort. Ho døydde på Haukeland sjukehus etter å ha vore sjuk eit år. Vi ber for ektemannen Andreas og alle andre som saknar Anne. Vi ber om at Gud gjev trøyst i sorga. Samtidig takkar vi Gud for det livet Anne levde, og det ho fekk bety for folk rundt seg.

Jesus, du er verdens håpog håpet, det er sterkere enn døden

Gravferd frå Meland kyrkje fredag 20.februar kl. 10.30
Alle er hjarteleg velkomne til minnestund på Frekhaug bedehus etter gravferda.

Minneside Anne Lorange

(Delt i samråd med Andreas)

 

Velkommen til fellesskap i Norkirken denne helga! 

Takk til alle som deltok på bønnedøgnet onsdag 11. februar, med 24 timer bønn på Frekhaug bedehus! I forkant var vakter i bønnerommet gjennom heile døgnet dekka, og fleire møtte opp undervegs. Mange deltok òg på fine fellessamlingar gjennom dagen. Veldig fint å bruke tid i bønn saman! Bileta over gjev eit lite innblikk i bønnerommet.

Søndag 22.02. feirer vi gudsteneste kl. 11

Bønnemøte før gudstenesta kl. 10.30

Det er første søndag i fastetida og Bjørnar Sæle taler frå Jesaja 58:6–11 – “Rett faste: å tene vår neste”
Kongebarna og Sofagjengen.
Kyrkjekaffi og sosialt fellesskap etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og kaffimat!

Fresh: Fredag kl. 19.30–22.30 for ungdommar frå 8.klasse og oppover

 

Fleire ting som skjer framover i Norkirken?

Kva seier Bibelen om mor og far?

I kveld, onsdag 18.februar, kl. 20–21.30 på Kyrkjetorget, Frekhaug.

Bibelundervisning ved Cathrine Lofnes, prosjektansvarleg i “Mammashjerte” i Tro og medier, og hovudleiar i Jesusfellesskapet saman med ektemannen Steinar.

 

Interkulturell møteplass – lørdag 21.februar kl. 13–15 på Frekhaug bedehus

Har du lyst til å bli kjend med nye? Velkommen til fellesskap på tvers av alder, nasjonalitet, språk og tru! Ta gjerne med deg mat og/eller noko anna frå din kultur. Felleskap, mat, sang, leik/konkurranse og “Ord til ettertanke”.

Ta med familien/venner og kom!

 

Årsmøte – tysdag 3.mars kl. 19 
For medlemmar.
Invitasjon og innkalling (med saksdokumenter) vart sendt ut til medlemmar på mail mandag 16.02., håper alle har mottat den – gi beskjed dersom du er medlem og ikkje har mottatt invitasjon og innkalling.

Vi begynner årsmøtet med middag kl. 18 – påmelding middag: til Øyvind Undal innan onsdag 25.02 kl. 12

 

Neste gudsteneste: G11‑U søndag 8. mars

 

Med ønskje om ei god helg, og ei fin vinterferieveke til dykk som har ferie!

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland