God helg!

Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss, med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. – Hebr 12:1-2a

Gode vener i Norkirken,

Velkommen til fellesskap denne helga!

G11‑U 8.mars

Søndag er det G11‑U med nattverd og bønnevandring. Bønnemøte kl.10.30

Simon Sæle Kjenes taler – tema: “Løp for å vinne seiersprisen”
Kongebarna under talen
Kyrkjekaffi og sosialt fellesskap etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og kaffimat!

Afterchurch (8.klasse+) blir denne gongen på Frekhaug bedehus, samtidig som kyrkjekaffien. Det blir egen “ungdomslounge” nede i kjellarstova med fellesskap og lek/aktivitet!

Ignite tour – Ungdomsmøter 5.–7.mars

Denne veka er det ikkje berre ungdomskveld fredag, men heile tre kvelder på rad på Frekhaug bedehus! Fresh får besøk av eit team frå Ungdom i Oppdrag Skien som skal ha ungdomsmøter torsdag, fredag og lørdag – kl. 19.30 kvar kveld.

Dei vil dele om livet med Jesus og vise korleis ein kan følgje Jesus gjennom ungdomstida. Tema for kveldane er: Høre Guds stemme, Jesus som Herre og Misjon. Vegard Furuskjeg, som kjem frå Frekhaug, leier teamet.

Interkulturell møteplass 7. mars

Lørdag er det òg interkulturell møteplass kl. 13–15 på Frekhaug bedehus

Fellesskap på tvers av alder, nasjonalitet, språk og tru!  Mat, sang, leik/konkurranse og “Ord til ettertanke”. Ta med familie/venner, og gjerne noko mat og/eller noko anna frå din kultur. Ein god anledning til å bli kjent med nokon nye!

Fleire ting som skjer framover:

Misjonskveld: Bangladesh – levande tru, ekte møter og etterfølging i praksis

Onsdag 11. mars, kl. 19.00 | Kompagniet – Normisjon Hordaland sitt misjonssenter i Bjørnsons gate 11, Bergen

Kva betyr misjon i dag – for menneske i Bangladesh og for oss her heime? Få ferske inntrykk og bli betre kjend med misjonsarbeidet vårt i Bangladesh!
Regionleiar Kristian Bjørkhaug har nylig kome heim frå Bangladesh-besøk saman med tidlegare utsendingar Kirsten og Ottar Hope. Denne kvelden får vi høyre frå både Kristian og Ottar, samt Mirjam Artmark Aanensen, landansvarleg for Normisjon sitt arbeid i Bangladesh.
Kva seier GT (i Bibelen) om misjon? 

Bibelkveld onsdag 18. mars, kl. 19.00–21.30 (NB! Dobbeltime) | Kyrkjetorget Frekhaug, Havnevegen 31

Bibelundervisning ved Sverre Bøe, Professor ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole og mangeårig forkynnar i Misjonssambandet.

 

Neste gudsteneste: Søndag 22. mars – Tale v/ Arve Reigstad.

 

Full oversikt over våren finn de i kalender på nettsida vår.

Nye styremedlemmar:

På årsmøtet 3. mars vart følgjande personar valde inn i Hovedstyret i Norkirken:

Åndeleg leiarskap: Erling Rosnes, Renate Enes Alme, Ingjerd Solberg Nygård (1. vara), Ingvard Jordal (2.vara). Driftsstyret: Susanne Rebnord, Oddbjørn Angelskår. (Ingjerd og Susanne hadde same roller førre periode og stod på val til ein ny periode). Sittande styremedlem, Sæbjørg Hageberg Kjeka, vart vald som Hovedstyreleiar.

Laila Eidsheim Flaa, Jan Magne Steinhovden og Øyvind Undal gjekk ut av Hovedstyret. Det var ikkje val til Eldsterådet i år.

Vi ønskjer dei nye velkommen inn i styret, og takkar dei som gjekk ut for innsatsen!

Leirskapet i Norkirken Nordhordland ser no slik ut:

Åndeleg leiarskap:

  • Sæbjørg Hageberg Kjeka (Hovedstyreleiar)
  • Jan Olav Åmdal
  • Erling Rosnes
  • Renate Enes Alme
  • Ingjerd Solberg Nygård (1. Vararepresentant)
  • Ingvard Jordal (2. Vararepresentant)
  • Bjørnar Sæle (Pastor)

Driftsstyre:

  • John Henanger
  • Susanne Rebnord
  • Renate Waldow
  • Oddbjørn Angelskår

Eldsteråd:

  • Svein Glomnes
  • Arve Reigstad
  • Bjørnar Sæle (Pastor)

Be gjerne for leiarskapet og deira teneste!

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

48605914
bjornar@norkirken-nh.no