Gode vener i Norkirken!
Håpar de har gode dagar – om de har påskeferie heime eller på reise, eller er mellom dei som må jobbe og halde hjula i samfunnet i gang! Håpar òg at de rettar merksemda dykkar mot Jesus og vandrar med med han gjennom dei viktigaste dagane i verdshistoria.
Følg gjerne dei ulike dagane gjennom bibelforteljingane, andakt, film, i fellesskap med andre der du er eller deltar på ei gudsteneste ein annan stad medan du venter på påskegudstenesta i Norkirken 2.påskedag.
Eg prøver meg på å setje ord på nokre kjernepunkt i påskeforteljinga på Normisjon sine SoMe-flater denne påska – videosnuttane er òg å finne på Normisjon.no
2. Påskedag, mandag 6. april, feirer vi påske saman i Norkirken Nordhordland!
Familiegudsteneste med nattverd – Erling Rosnes taler.
11:00 på Frekhaug bedehus (bønnemøte 10:30)
Sjølvsagt er det kyrkjekaffi – ta gjerne med kaffi/te og noko å bite i.
Etter gudstenesta vert det òg ein, forhåpentligvis artig, mini-basar med små, koselige premier for alle.
Kva skjer framover?
Fresh x NF – ungdomsmøte fredag 17. april
Felles ungdomsmøte på tvers av ungdomsarbeid og klassetrinn, arrangert av Fresh – med fleire av dei eldre ungdommane medvirkande.
Gudsteneste søndag 19. april
Vanlig gudsteneste, Bjørnar taler.
+ Ekstra afterchurch for ungdom (8.klasse +). Utflukt: Lasertag på Megazone Bergen.
Kva seier Bibelen om pengane våre? onsdag 22. april
Bibelundervisning ved Dag William Haugeto Stang, innsamlingsleiar i Normisjon.
Kl. 20–21.30 på Kyrkjetorget, Frekhaug.
Konfirmasjon Tentro Nordhordland 25. og 26. april
Fire konfirmasjonsgudstenester fordelt mellom lørdag og søndag. Vær gjerne med å be for konfirmantarbeidet vi driver saman med fleire andre menigheter i Nordhordland og for årets 52 konfirmantar.
Påmelding til neste års konfirmantkull åpner 1.mai – tentronh@gmail.com – meir info om påmelding kjem!
Mannskveld onsdag 29. april
Fellesskapskveld for menn i alle aldrar, frå og med vgs! I samarbeid mellom Norkirken Nordhordland og Frekhaug indremisjon.
Planen for kvelden er: mat, aktivitet, bønn, lovsang og andakt ved Thomas Hammer (Norkirken Bergen).
Kl. 19–21 på Frekhaug bedehus.
G11‑U søndag 3. mai
Jan Magne Steinhovden taler.
Full oversikt over våren finn de i kalender på nettsida vår.

