Søndagens preiketekst handlar om Den gode gjetaren (utan samanlikning med nokon av dei på biletet over).
Jesus seier: “Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar” – Joh. 10, 14–16
Denne helga:
I dag, fredag, er det NF experience på Frekhaug bedehus!
Saman med NF inviterer Fresh til fellesskap på tvers av ulike ungdomsarbeid. Som ein liten smak av NF på ein vanlig fredags kveld.
Dørene åpner kl. 19:30 – Møte 19:45 – Utover kvelden blir det kafé, mingling, underholdning og kanskje ein liten basar. Ferdig 23:00
Søndag 19.april – Gudsteneste kl. 11:00
Bønnemøte kl. 10:30
Kongebarna og Sofagjengen
Bjørnar taler frå Johannes 10, 11–18 – Tema: Den gode gjetaren
Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te + noko å bite i!
Afterchurch for ungdom: Lasertag
Etter gudstenesta blir det ekstra afterchurch for ungdom, med utflukt til Megazone Bergen for å spille lasertag. Felles transport frå Frekhaug bedehus etter gudstenesta. Kr. 100 pr person.
Kva skjer framover?
Avlyst: Kva seier bibelen? 22. april
Vi må dessverre for første gong avlyse ein Bibelkveld. Dag William er hindra frå å kome, og vi har ikkje fått inn ein erstattar.
Men vi kjem sterkt tilbake! Hausten sine Bibelkveldar er alle planlagt. Info kjem snart.
Konfirmasjon Tentro Nordhordland 25. og 26. april
Fire konfirmasjonsgudstenester fordelt mellom lørdag og søndag. Vær gjerne med å be for konfirmantarbeidet vårt saman med fleire andre menigheter i Nordhordland, og be spesielt for årets 52 konfirmantar!
Påmelding til neste års konfirmantkull åpner 1.mai. Påmelding ved å sende [navn, mobilnummer og mail] for deltakar og foresatte til tentronh@gmail.com
Mannskveld onsdag 29. april
Fellesskapskveld for menn i alle aldrar, frå og med vgs! Samarbeid mellom Norkirken Nordhordland og Frekhaug indremisjon.
Planen for kvelden er: mat, aktivitet, bønn, lovsang og andakt ved Thomas Hammer (Norkirken Bergen).
Kl. 19–21 på Frekhaug bedehus.
Endring i vårplanen: Neste gudsteneste, søndag 3. mai, blir vanlig gudsteneste. G11‑U er flytta til 14.juni.
Jan Magne Steinhovden taler 3.mai. Eigne samlingar for både Kongebarna og Sofagjengen.
Ingen gudsteneste søndag 17.mai
Pinsefest 2.pinsedag – mandag 25.mai
I samarbeid med Normisjon region Hordaland og Norkirkene i Bergen og Os.
Bård Rebbestad Løkken taler — og heile familien er med. Bård og Karen bur og arbeider i Bangladesh. Karen er lege ved Lamb Hospital i Dinajpur og Bård jobber med dei lokale kirkene Normisjon samarbeider med, mellom anna gjennom Agenda1. Dei er midt i det vi har bedt for og gitt til gjennom mange år, og dei kjem med ferske historiar og misjonsinformasjon frå hverdagen i Bangladesh.
Samlingar for Kongebarna og Sofagjengen. Grilling og aktiviteter ute etter gudstenesta.
Full oversikt over våren finn de i kalender på nettsida vår.
Menighetsweekend 11.–13. september
På Raknestunet. Hold av helga! Info om påmelding kjem.
Norkirken eit fellesskap for deg!
Saman er vi Norkirken Nh. Vi ønskjer å oppfordre alle til å bli med i ei teneste og i ei smågruppe!
Fellesskapet treng deg og det du er god på eller har hjarte for. Og så vil eg være så frimodig og seie at du trenger fellesskapet. Å være med i ei teneste og i ei smågruppe gir tilhørighet, ein blir betre kjent med fleire og ein får bidra med å bygge Guds rike saman i Nordhordland.
Vi har allereie ei rekke tenester ein kan gå inn i – og desse har behov for nye medarbeidarar.
Det gjeld særleg barne- og ungdomsarbeidet vårt: Kongebarna, Sofagjengen og Fresh treng alle fleire medarbeidarar som vil bidra med å legge til rette for gode fellesskap for barn og unge. Vi har òg andre tenester som gjerne tar imot fleire i sine team!
Drømmer du om at vi som menighet kan gjere noko utover det vi allereie gjer, og du kan tenke deg å gjere noko med det, saman med andre? Då oppfordrer vi deg å dele drømmen med nokon – med stab, styret eller andre i menigheten. Kanskje er det nokon som deler samme drømmen!
Ikkje medlem endå? Bli medlem – ta kontakt ved spm om medlemsskap, medlemskurs eller om du har andre spørsmål om Norkirken Nordhordland. Vi setter opp nytt medlemskurs tidleg i haust.
Vi setter pris på å høyre frå dykk, og gler oss alltid til å treffast!
mvh
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland
48605914
bjornar@norkirken-nh.no

