God helg!

Son min, lytt når eg talar, vend øyret til mine ord!
Slepp dei aldri av syne, gøym dei djupt i hjartet!
Dei er liv for den som finn dei, og gjev helse til heile kroppen.
Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det. – Ordt. 4:20-23

Gode vener i Norkirken Nordhordland!

Langhelg for mange. Men det er gode grunnar til å bli verande i nærområdet eller vende heim innan søndag morgon, for då feirer vi gudsteneste!

Jan Magne Steinhovden taler – “Bibelen, Guds ord, gir helse til hele kroppen”
Tittelen er henta frå Salomos ordtak 3:8 og 4:22, men temaet gjennomsyrer mykje av Bibelen, noko vi kan sjå mange av stadene der Bibelen taler om hjartet.

Det blir, nattverd, samlingar for Kongebarna og Sofagjengen, og kyrkjekaffi for alle etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og noko kaffimat!

Fredag er det Fresh for ungdommane frå 8.klasse + kl. 19.30–22.30 på Frekhaug bedehus.

Våren vidare i Norkirken Nh

Søndag om to veker er 17.mai – då blir det ikkje gudsteneste i Norkirken.

Neste gudsteneste blir derfor Pinsefesten 2. pinsedagmandag 25.mai kl. 11 på Nordhordland Folkehøgskule.
Pinsefesten er eit høgdepunkt vi ser fram til heile våren. Då møter vi Normisjons-vener frå heile regionen.

Bård Rebbestad Løkken taler — og heile familien er med. Bård og Karen er Normisjon sine utsendingar i Bangladesh. Dei er midt i det vi har bedt for og gitt til gjennom mange år, og dei kjem med ferske historiar og glimt frå kvardagen der ute. I tillegg blir det samlingar for Kongebarna og Sofagjengen.

Etter gudstenesta blir det grilling, tid til fellesskap og aktiviteter ute – ta med eigen grillmat og/eller kaffimat etter eige ønskje!

Søndag 31. mai – Gudsteneste, Halldis Pollen taler. Kongebarna og Sofagjengen.

Søndag 14. juni – G11‑U, Åshild Hørte Langøy taler. Kongebarna.

Søndag 21. juni – Sommerfest på Fyllingsnes. Meir info kjem!

The Send Experience Bergen – Lørdag 9. mai

The Send Experience er regionale samlinger i samarbeid mellom The Send, Ungdom i Oppdrag og lokale kirker og organisasjoner, med mål om å samle unge til kristen enhet og kalle mennesker til frelse og kristent engasjement i Norge og i misjon. Normisjon er medarrangør sammen med mange andre kirker og organisasjoner i Bergen om omegn. Målgruppa er ungdom og unge voksne. Kom for å bli inspirert, utrustet og sendt!

The Send Experience: lørdag 9. mai klokken 16:00 på Forum Scene — Inngang: 350,-

Meir info og kjøp av billetter på The Send – Bergen

Menighetsweekend på Raknestunet 11.–13. september

Hold av helga! De som har vore med tidlegare veit kor fint det er å bruke ei heil helg saman i fellesskap, og de som ikkje har vore med før har absolutt noko å sjå fram til!

Info om påmelding kjem snart i eigen mail.

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

48605914
bjornar@norkirken-nh.no