God pinse!

Pinsehelga skjer det fleire ting som er verdt å få med seg – les meir om tre arrangement her!

Saman med jul og påske er pinsen ei av dei tre store kristne høgtidene!

Vi feirar at vi har fått Den heilage ande som hjelpar, trøystar og livgjevar, og pinsen markerer starten for Kyrkja (med stor K) – fellesskapet av alle som trur. Kva passar då betre enn å feira dette saman med brødre og søstre i vårt eige fellesskap og i andre kristne felleskap?

Jesus i Sentrum – lørdag 23. mai

For første gong skjer “Jesus i Sentrum” i Bergen! Oslo har gjort det to gonger, og no er det endeleg Bergen sin tur. Jesus i Sentrum inviterer, saman med ei rekke kyrkjer i Bergen, til ei stor tverrkirkelig gudsteneste på Festplassen, midt i hjartet av Bergen by.

Målet er å styrkje fellesskapet mellom kristne i Bergen og omegn, gjennom forkynning, bøn og tilbeding. Samtidig vil arrangementet være eit vitnesbyrd om ei levande tru på Jesus, som er samlande og inviterer til fellesskap – der forbipasserande og nysgjerrige kan stoppe opp og ta del i fellesskapet.

Inviter venane dine og bli med!
PROGRAM:
Frå kl 11: Ope telt med bøn og lovsang + diverse aktivitetar og sosial møteplass
15:30: Kyrkjekaffi for alle
17:00: Gudstjeneste – tale v/ Øystein Gjerme og lovsang leia av Lovsang Bergen
18:30 og utover: Lovsangsfest

NF Experience // Link – Fredag 22. mai

Vi gjentar suksessen frå 17.april og inviterer til felles ungdomsmøte. Denne gongen er det Link som inviterer og er vertskap. Det blir tale, lovsang, sosialt og volleyballturnering etter møtet!

Fredag 22.mai kl. 19.30–22.30
Nordhordland Bibelsenter, Alvermarka 39, Alversund

Fleire av leiarane frå Fresh blir med, og vil være på plass i Alvermarka før møtet begynner 19.30.

Om nokon trenger skyss frå Frekhaug, er det mulig å ta kontakt med Marthe Halle Lavik (981 16 942) – det vert satt opp transport frå Frekhaug bedehus etter behov.

Pinsefest for alle – mandag 25. mai

Tradisjonen tru inviterer vi til Pinsefest saman med Normisjon Hordaland og dei andre Norkirkene i regionen 2. pinsedag. Vi ser fram til å treffe Normisjons-familien frå heile regionen, feire gudsteneste og nattverd saman, og ha fellesskap rundt grillane og aktivitet etter gudstenesta.

Vi gler oss òg til å få besøk frå Normisjon sine utsendingar i Bangladesh, Bård og Karen Rebbestad Løkken, og deira tre barn. Dei skal fortelje om kvardagen og misjonsarbeidet i Bangladesh, og Bård skal tale til oss.

Det blir Kongebarna-samling frå 1.–7.klasse v/ Norkirken Bergen – ungdommane frå 8.klasse og oppover får være med å høyre Bård tale.

Ta med eigen grillmat og kaffimat etter eige ønskje!

Det er fotballbane og volleyballbane rett ved grillplassen – ta gjerne med fotball, volleyball, spikeball, kubbespill eller andre leikar/aktiviteter og dra gjerne i gang ein aktivitet!

Mandag 25. mai kl. 11:00, Nordhordland Folkehøgskule, Frekhaug.

Me gler oss til å sjå deg der!