Gode vener i Norkirken Nordhordland!
11.–13. september er det endeleg klart for menighetsweekend igjen. Vi ynskjer heile menighetsfamilien velkommen til ei helg med åndeleg påfyll, fellesskap, god mat og kjekke aktiviteter!
Stad: Raknestunet på Osterøy, ein moderne leirstad med gode fasilitetar, idyllisk plassert langs Osterfjorden. Her er det møtesal, peisestove, matsal, gymsal og aktivitetsrom inne. Ute er det muligheter for ballspell, tarzan-løype, trampoline, badestrand, kai og naust med båt og kanoar. Det er òg gode turmogelegheiter både langs vegen og i terrenget rett utanfor døra.
Vi legger opp til eit innhaldsrikt program med noko for alle aldrar, der ein kan velje både høgt og mindre høgt aktivitetsnivå gjennom helga – liknande slik det var førre menighetsweekend, for to år sidan på same stad (for dei av dykk som var med då og hugser det). Programmet vil mellom anna innehalde felles måltid (frukost, lunsj, middag, kvelds), fellessamlingar, eige opplegg for barn/unge, bibeltimar, delekveld, felles og valgfrie aktivitetar.
Tema: Skapt for fellesskap – om å leva med Gud og med kvarandre.
Vi håper mange vil bli med på ei kjekk helg saman – barn, ungdom, vaksne, eldre og gamle!
Bidra:
Vi trenger at folk bidreg på ulikt vis gjennom leiren. Komitéen vil utfordre folk til å bidra med ulike ting – som å ha ansvar for aktiviteter, underholdning, diverse praktiske oppgåver m.m. – men du må gjerne melde ifrå til nokon av oss allereie no dersom du har noko du ønskjer å bidra med ila leiren!
Som alltid vil vi òg be om at de tar med kaker/snacks til eit legendarisk felles kakebord fredag og lørdag kveld!
Meir informasjon, detaljert program og pakkeliste kjem vi attende til når leiren nærmer seg.
Prisar:
- Vaksne – 2 netter kr 1980,-
- 13–17år – 2 netter kr 1130,-
- 4–12 år – 2 netter kr 850,-
Makspris familie som deler rom: kr 5300,- (OBS! Må være samme familie)
Enkeltrom: + 300,-
Dei fleste romma har 3, 4 eller 5 senger (eit par rom med 2 senger). På dei største romma (5 senger), kan ein få plass til 6 stk om ein supplerer med madrass på golvet. Ein tar sjølv med laken, dynetrekk, putevar og handkle.
Vi prøver å legge til rette for ein romfordeling som gjer at så mange som mogeleg får plass på leiren. Vi ønskjer òg å legge til rette for eigne ungdomsrom, der ungdommar bur saman, i staden for med familien.
Reiser du aleine (utan ektefelle/familie) kan ein gjerne bu på rom med andre i same situasjon. Men det er òg mogeleg, og heilt i orden, å velje einerom mot eit tillegg i prisen (300,-).
Blir det fullt på tunet, har vi mulighet til å supplere med eit par bobiler/campingvogner, om nokon har det og kan tenke seg å bu i det (kan komme tilbake til dette ved behov).
Påmelding:
Send mail til john@henanger.net
Skriv namn på alle du melder på, alder på barn/ungdom og eventuelle allergiar eller andre behov vi bør vite om.
Skriv gjerne ein kommentar i påmeldinga om ønskje eller behov knytt til romfordeling.
Vær tidlig ute med påmelding, leiren kan bli full – førstemann til mølla!
Påmeldingsfrist 9.juni
Komité
Renate Enes Alme, Øyvind Undal, Liv Randi Eide, Bjørnar Sæle
Ansvarlig for påmelding: John Henanger
mvh
på vegne av komitéen
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland
48605914
bjornar@norkirken-nh.no

