God Helg!

Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» – Matt 28:16-20

Gode vener i Norkirken!

Takk for fint fellesskap på Pinsefesten 2.pinsedag! Kjekt å sjå så mange på gudstenesta, og at mange valde å bli igjen til grilling og sosialt – sjølv om været ikkje var så bra, og vi dermed holdt oss inne i festsalen.

På søndag er det igjen gudsteneste i Norkirken – kl. 11 på Frekhaug Bedehus.

Halldis Pollen taler om Andens gåver.
Eigne samlingar for kongebarna og sofagjengen.
Bønemøte 10.30.
Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og noko kaffimat!

Fredag er det Fresh kl. 19.30 — 22.30 på Frekhaug bedehus.

7.klassingar er hjarteleg velkomne til å bli med desse siste samlingane før sommarferien (29. mai og 12. juni).

Vi treng ditt engasjement!

I Norkirken byggjer vi menigheten saman – vår tilhøyrsle til fellesskapet blir sterkare når vi bidreg inn i det, samt at fellesskapet blir sterkare og dei ulike funksjonane blir fylt når fleire er med og bidreg.

Difor sender vi no ut ei kort undersøking om tenester, oppgåver og engasjement i menigheten. Søndag 31. mai set vi av litt tid i gudstenesta til å svare på denne, men du kan òg gjere det på førehand dersom du ønskjer det eller ikkje er til stades på søndag.

Undersøkinga er ikkje bindande, men gir oss ei betre oversikt over kva folk ønskjer å bidra med, er nysgjerrige på eller kan tenke seg å vere med og utvikle vidare. Vi ønsker gjerne at de svarer sjølv om de allereie er med i ei eller fleire tenester.

[Til undersøkinga]

Menighetsweekend

Som kjent reiser vi til Raknestunet 11.–13.september.

Tema: Skapt for fellesskap – å leva med Gud og med kvarandre.

Vi håper mange vil bli med på ei kjekk helg saman – barn, ungdom, vaksne, eldre og gamle!

Meir informasjon om weekend og påmelding finn du i ein eigen mail som vart sendt ut på tysdag denne veka.

Snart sommarferie

Det nærmer seg sommarferie for mange av oss, men før Norkirken tar ein sommarpause frå dei faste møtepunkta våre har vi to felles møtepunkt igjen etter denne helga:

Søndag 14.juni kl.11 – G11‑U på Frekhaug bedehus.

Søndag 21.juni kl. 12.00 – Sommarfest på Fyllingsnes

Sosialt, mat, aktivitet, bading, nokre sangar og eit ord for sommaren.
Fyllingsnesvegen 67 – hjå Renate og Knut.

 

mvh

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

48605914
bjornar@norkirken-nh.no