Bli med å støtt arbeidet i Norkirken!
Det finst mange bibelske grunnar til å gi. Vi gir i takksemd for det Gud har gjeve oss, i tillit til at Gud forsørgjer oss, av omsorg for andre menneske og i ønskje om at evangeliet skal nå lenger. Bibelen løftar òg fram tienda som ei hjelp til å prioritere Gud med det vi eig. Givartenesta er ein konkret måte å ta del i Guds oppdrag i verda på.
Norkirken Nordhordland får ingen offentleg støtte til drifta og er heilt avhengig av at vi som medlemmar tar ansvar saman. Gjennom givartenesta kan vi dekkje driftsutgiftene våre og samtidig vere med og velsigne andre.
Minst 10 % av dei samla inntektene frå givarteneste og kollekt går til misjonsprosjekta våre. Jo meir av driftsutgiftene vi klarar å dekkje gjennom givartenesta, desto meir kan vi gi vidare.
Dersom du ønskjer skattefrådrag for gåvene dine, bør du opprette fast givarteneste med AvtaleGiro. Givartenesta for Norkirken Nordhordland blir administrert av Normisjon.
- Bli fastgivar til arbeidet i Norkirken Nordhordland: norkirken-nh.no/gi
(Her finn du òg informasjon om korleis du kan gi enkeltgåver.)
Endre beløp?
Dersom du allereie er fastgivar, kan du når som helst endre det månadlege beløpet.
Ved å justere gåvebeløpet årleg i takt med prisstigninga, hjelper du oss med å halde givartenesta i takt med kjøpekrafta. Då vil Norkirken vere rusta for ei god økonomisk utvikling, der ein stor del av midlane våre kan gå til misjon og til å byggje kyrkjelyden.
- Endre beløp på fast givarteneste: Min side – Normisjon
Spørsmål om givarteneste og andre forespurnader til driftsstyret kan rettast til driftsstyreleiar John Henanger.
_
Venleg helsing
Driftsstyret i Norkirken Nordhordland

