God sommar!

Jesus sa til disiplane: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» – Mark 6,31

Gode vener i Norkirken!

Jesus sa ein gong til disiplane sine, midt i travelheten, «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» (Mark 6,31). Kanskje kan vi kjenne oss att. Nokon gler seg gjerne til ferie og ro frå kvardagens travelhet. Andre er kanskje i ferd med å sjå at sommaren er i ferd med å fyllast med planar, aktivitetar og forventningar som det kan bli travelt å nå. Medan andre igjen gjerne ikkje har ferie ventande rett rundt hjørnet.

Jesus inviterer oss til noko meir enn berre ferie frå kvardagen – han inviterer oss til kvile saman med seg. Og dette gjeld gjennom alle sesongar i livet. Gjennom evangelia ser vi korleis Jesus sjølv stadig trekte seg tilbake for å be og vera nær Far. Vi kan sjå på sommaren som ei gåve frå Gud, han som er opphavet til alle gode gåver. Sett av tid i sommar til å senke skuldrene, finne ro og på nytt vende blikket mot han, uansett kva planar du har for sommaren. Om det er heime, på reise eller på leir, festival, sommarstevne eller andre “fjelltoppar” der vi kan erfare at “her er det godt å være” (Matt 17,4).  Måtte vi i vekene som kjem ikkje berre finne kvile for kroppen, men òg for sjela, i fellesskapet med Jesus.

Denne helga:

Fredag 12.juni – Fresh 
Sommeravslutning – Ungdommar frå 7.klasse og opp er velkommen!
kl. 19.30–22.30

Søndag 14.juni – Gudsteneste: G11‑U
Bønnemøte kl. 10.30

Lovsangsledelse ved ungdomsteamet.
Åshild Hørte Langøy taler.
Kongebarna-samling under talen.
Nattverd og bønnevandring.

Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi for alle – ta gjerne med kaffi/te og noko kaffimat!

Afterchurch for ungdom
Volleyballturnering utanfor Frekhaug bedehus. Denne gongen frå 7.klasse og oppover.

Sommerfest 21.juni

Neste søndag blir det sommerfest på Fyllingsnes kl.12.
Adresse: Fyllingsnesvegen 67, hjå Renate og Knut. De vert tilvist parkering når de kjem.

Først og fremst er dette ein dag for å bruke tid saman: fellesskap, prat, aktiviteter, leik og moro, og mulighet for bading for dei som ønskjer det! Det blir òg eit ord for sommaren.

Grilling: vertskapet stiller med varme grillar – ta med det du sjølv ønskjer å grille.

Har du lyst til å bake ei kake? Gi beskjed til Bjørnar. Vi stiller med kaffi.

Dei har ein god del stolar, men ta gjerne med ein campingstol om du ønskjer det.

Blir det regn, er det tørt og plass til mykje folk inne i løa! 

 

Oppstart etter sommarpausen 9.august

Første gudsteneste etter sommaren blir familiegudsteneste 9.august kl. 11 på Frekhaug bedehus. Arne Johan Sæle taler.

 

Menighetsweekend 11.–13.sept – bli med!

Stad: Raknestunet
Tema for leiren: Skapt for fellesskap – å leva med Gud og med kvarandre.

Vi håper mange vil bli med på ei kjekk helg saman – barn, ungdom, vaksne, eldre og gamle!

Meld dykk gjerne på allereie no, før sommarferien, dersom de planlegg å bli med!
Det gjer komiteen sitt arbeid enklare 🙂
Det er mulig å melde seg på så lenge det er plass – ny påmeldingsfrist: 25.august

Meir informasjon om weekend og påmelding finn du i eigen mail sendt på tysdag 26.mai.
Svar på denne mailen om du ikkje har fått den, eller vil ha den tilsendt på nytt.

 

Undersøking: Bli med i teneste!

Løfter fram igjen denne undersøkinga for dei som ikkje fekk respondert på den søndag 31.mai. Ser du på Norkirken som din menighet setter vi stor pris på om du setter av 2 min på å svare på denne!

Vi treng engasjementet ditt! I Norkirken byggjer vi menigheten saman – vår tilhøyrsle til fellesskapet blir sterkare når vi bidreg inn i det, samt at fellesskapet blir sterkare og dei ulike funksjonane blir fylt når fleire er med og bidreg. Difor denne korte undersøkinga om tenester, oppgåver og engasjement i menigheten. Meir info når du går inn på undersøkinga.

Undersøkinga er ikkje bindande, men gir oss ei betre oversikt over kva folk ønskjer å bidra med, er nysgjerrige på eller kan tenke seg å vere med og utvikle vidare. Vi ønsker gjerne at de svarer sjølv om de allereie er med i ei eller fleire tenester.

[Til undersøkinga]

 

Guds fred, og ein velsigna god sommar!

Venleg helsing

Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

48605914
bjornar@norkirken-nh.no