Gode vener i Norkirken!
Tusen takk for kjekk menighetsweekend førre helg til alle dykk som var med til Raknestunet!
Denne helga samlast vi igjen både til gudstenestefellesskap og ungdomsarbeid på Frekhaug Bedehus:
Søndag: G11‑U – gudsteneste for alle, spesielt retta mot ungdom!
- Ungdomsteamet leier lovsangen
- Bjørnar Sæle taler om temaet “Bli i meg – Vintreet og greinene” frå Johannes 15
- Samling for Kongebarna under talen
- Nattverd og bønnevandring
- Bønnemøte før gudstenesta kl.10.30–10.45
Etter gudstenesta:
- Afterchurch for ungdom (8.klasse +) i kjelleren, med Kahoot.
- Kyrkjekaffi for alle – ta gjerne med kaffi/te og noko kaffimat!
Fresh
I kveld, fredag, er det Fresh – kl. 19.30–22.30
Kveldens aktivitet: EXTREME President-turnering.
Silje Hetlebakke kjem på besøk og skal holde andakt.
Fresh har samlingar fredagar i partalsveker og er for alle ungdommar frå 8.klasse og oppover – inkl. VGS! Følg gjerne Fresh på Snapchat for info frå gong til gong!
Fresh-weekend 2.–4.okt – på Fjon Fjellkyrkje
Ei kjekk helg med aktiviteter, fellesskap og gode møter. Ein god måte å starte haustferien!
Aldersgruppe: 8.klasse og oppover.
Påmeldingen er open! Det er begrensa med plassar, så her er det bare å melde seg på: Skjema for påmelding
Det er framleis behov for eit par fleire voksne til å komme opp å lage litt mat, eller henge med dei kjekke ungdommane våre – enten heile eller deler av helga. Ta kontakt dersom du kan tenke deg å bli med!
Kva skjer framover?
Medlemskurs: Torsdag 24. september kl. 18–19.30 – i Kjellerstova på Frekhaug bedehus.
For deg som ønskjer å bli medlem eller berre er nysgjerrig på å vite meir om Norkirken, kva vi står for og korleis bli kobla på det vi gjer. Kurset er ikkje forpliktande, men er nødvendig å gjennomføre for å bli medlem. Kurset vert halde av pastor, Bjørnar Sæle. Påmelding innan torsdag.
Kva seier Johannes’ Openberring? Miniserie med Njål Skrunes i “Kva seier Bibelen?”
Fire økter à 45 min – onsdag, fredag og lørdag frå 30.sep – 3.okt.
- Onsdag 30.sep: 20:00
- Fredag 2. okt: 20:00
- Lørdag 3. okt: 11:00 og 12:00
Alle bibelundervisningane er på Kyrkjetorget.
Neste gudsteneste: søndag 4.oktober. Tale ved Njål Skrunes.
Og litt lenger fram i tid:
Hele Norge Ber – Bønnedøgn 21.oktober
Vi gjentar suksessen frå 11.februar og har 24-timer bønn på Frekhaug bedehus saman med Frekhaug indremisjon.
Det blir etablert eit bønnerom i sidesalen, der dei som ønskjer kan sette seg opp på vakter gjennom heile døgnet. Be gjerne fleire saman. Det vert òg fleire fellessamlingar med bønn og lovsang gjennom dagen, der vi utvider bønnerommet ut i hovedsalen.
Merk dykk datoen. Meir informasjon om vakter og fellessamlinger kjem!
Fakkeltog for forfølgde kristne i Knarvik 29.oktober
Tverrkirkelig arrangement i samarbeid med Åpne Dører.
Start frå Betania Knarvik kl. 18 og samling i Betania med apell frå Kari Fure, generalsekretær i Åpne Dører, etterpå.
Ønskjer nokon å bidra denne dagen, eller i førebuinga, er det berre å ta kontakt, så setter vi dykk i kontakt med komiteen. Komiteen består i dag av initiativtakarane Misjonskyrkja Lindås og Nordhordland Bibelsenter: Knut Einar Vabø, Cato Risøy og Kåre Hindenes.
Nordhordlandsfest lørdag 7.november
Ein heil dag med lovsang, tilbedelse, forkynnelse, underholdning og kjekke aktiviteter, der ulike ungdomssarbeid i Nordhordland står saman i trua på Jesus! Av ungdom, for ungdom.
Oversikt over hausten finn de i kalendaren på nettsida.
Bli med i smågruppe og teneste!
Ønskjer du å bli med i eit smågruppefellesskap som samlast jamleg i heimane for å dele tru og liv?
Ta kontakt med gruppekoordinator, Laila, eller pastor, Bjørnar.
Vi byggjer menigheten saman og vi har stadig plass til fleire i teneste!
- Ta kontakt her dersom du ønskjer du å bli med i ei av tenestegruppene eller berre ønsker ein prat om kva du har engasjement for eller ønskjer å bidra med inn i fellesskapet
- Du kan òg framleis svare på undersøkinga under som vart sendt ut før sommaren. Det tar berre eit par minutter, og gir deg sjansen til å respondere på ei rekke alternativ over kva du kunne tenke deg å bidra med, eller skrive inn dine eigne svar. Undersøkinga er ikkje bindande, men den gir oss større oversikt over kva folk ønskjer å bidra med, er nysgjerrige på eller kan tenke seg å vere med og utvikle vidare: [Til undersøkinga]
Ønskjer de nokon å snakke med tilbyr Norkirken Nordhordland samtale og sjelesorg, enten ved pastor eller andre vi har tillit til. Ta kontakt med Bjørnar eller nokon andre i leiarskapet.
Guds fred!
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland
48605914
bjornar@norkirken-nh.no

