Gode vener i Norkirken,
Denne veka har vi endeleg fått litt etterlengta solskinn og i skrivande stund sit eg og ser ut på tre kledd i vakre haustfargar. Det minnar om fleire ting – både om Guds skjønnhet som skaparverket vitnar om, og at Herren har omsorg for dei ulike sesongane i liva våre.
Salme 104:24 Herre, kor mange dine gjerningar er! Og alle har du gjort med visdom, jorda er full av det du ber fram.
Fork 3:11 Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si tid. Ja, alle tider har han lagt i hjartet deira.
Det overordna temaet i Norkirken Nordhordland denne hausten er
Røtter: Planta ved levande vatn – rotfesta i Kristus, sendt til verda.
Gjennom livets ulike sesongar møter vi både vekst, glede og tørke. Men Guds omsorg og truskap står fast, slik han held skaparverket oppe gjennom alle årstidene. Når vi er rotfesta i Kristus, har vi ei livskjelde som aldri tørkar ut. I han får vi næring til å vekse og bera frukt – gjennom alle livets sesongar, til velsigning for kvarandre og for verda rundt oss.
No står haustferien på trappene, i alle fall for dei som er elevar og lærarar, og mange gjerne fram til eit avbrekk frå kvardagen. Medan for andre av oss heldt kvardagen fram. Vi ønskjer dykk alle ei god veke, om de har haustferie eller ei!
Denne helga:
Kva seier Johannes Openberring?
Undervisningsserien med Njål Skrunes starta onsdag med intro og undervisning om dei første par kapitla.
Alle som ønskjer er hjarteleg velkommen til å bli med på dei kommande to samlingane – sjølv om ein ikkje var med på den første samlinga:
- Fredag frå kl. 19
- Lørdag frå kl. 11
Begge samlingane er på Kyrkjetorget og er på 2 x 45min.
Fresh-weekend, som var satt opp denne helga, er dessverre avlyst grunna for få påmeldte. Det vert heller ingen vanleg Fresh-samling, då Frekhaug bedehus er leigd ut fredag-lørdag og ein ikkje har funnet eit godt alternativ for samlinga. Dermed tar Fresh litt ufrivillig høstferie, men kjem sterkt tilbake fredag 16.oktober.
Gudsteneste søndag kl. 11
- Gudsteneste for alle
- Kongebarna og Sofagjengen
- Njål Skrunes blir òg med oss på søndag og taler om temaet ‘De er mine vitne’ – frå Apg 1:8
- Det vert tid til å dele
- Bønnemøte før gudstenesta kl.10.30–10.45
- Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og noko kaffimat!
Kva skjer framover?
Neste gudsteneste: søndag 18.oktober. Tale ved Halldis Pollen – tema: ‘Planta for staden vi bur’
Leiarsamling mandag 19.oktober: For alle gruppeleiarar, teamleiarar og leiarar for ulike tenester i Norkirken. Ei samling for utrusting, inspirasjon og fellesskap. Kl. 18:45–21:00 på Frekhaug bedehus.
Hele Norge Ber – Bønnedøgn onsdag 21.oktober
24-timer bønn på Frekhaug bedehus saman med Frekhaug indremisjon. Det blir bønnerom heile døgnet og fleire fellessamlingar gjennom dagen. Sjå meir info lenger nede om dagen og korleis melde seg til vakter i bønnerommet.
Fakkeltog for forfølgde kristne i Knarvik torsdag 29.oktober
Tverrkirkelig arrangement i samarbeid med Åpne Dører. Start frå Betania Knarvik kl. 18 og samling i Betania etter fakkeltoget med apell frå Kari Fure, generalsekretær i Åpne Dører.
G11‑U med konfirmantpresentasjon: søndag 1.november
Kva seier Bibelen om vondskap? onsdag 4.november. Dobbeltime med Espen Ottosen
Nordhordlandsfest lørdag 7.november
Ein heil dag med lovsang, tilbedelse, forkynnelse, underholdning og kjekke aktiviteter, der ulike ungdomssarbeid i Nordhordland står saman i trua på Jesus! Av ungdom, for ungdom. På Nordhordland folkehøgskule.
Mange medarbeidarar er på plass, men det er framleis behov for nokre fleire medarbeidarar.
Behov:
- To vakter (enten tidlig eller seint)
- 50 bollar
- 1 platekake
- Hjelp til å rydde etter arrangementet er ferdig midnatt (vi må fullføre ryddinga ila natta)
Medlemsmøte – for alle medlemmar: tysdag 17.november kl. 19–21.30
Oversikt over hausten finn de i kalendaren på nettsida.
Hele Norge Ber – Bønnedøgn 21. oktober
Norkirken Nh og Frekhaug Indremisjon tar del i bønnestafetten «Hele Norge Ber» og inviterer til å bli med å be heile døgnet på Frekhaug bedehus – både i bønerommet gjennom heile døgnet og til ulike fellessamlingar!
Gjennom Hele Norge Ber dekker menigheter, fellesskap og ungdomsarbeid landet i bønn gjennom heile 2026. Vi ber for landet vårt, lokalsamfunn, kristne fellesskap og at folk skal bli kjent med Jesus. Tittelen for bønneåret er «Håp».
Bøn handlar om å ta seg tid til fellesskap med Gud og leggja fram for han det som ligg oss på hjartet. Det kan vi gjera på mange ulike måtar: med eigne ord, med ord og bøner frå Bibelen, med bøner andre har formulert for oss, i tungetale, i ordlause sukk, i stillheit – eller ved å lytte. Bøn er noko alle kan ta del i!
Gud knyter løfte til bøna. Når vi ber, kjem vi til han i tillit til at han høyrer og tek imot. Når vi ber, trur vi at Gud verkar. Bøna kan endra omgivnadene våre – og ho endrar oss, ved at vi blir forma av Guds nærvær og vilje.
Vi lager til eit fint bønnerom i sidesalen – med ein fin atmosfære, ein god sofa, praktiske stasjoner som i ei bønnevandring, moglegheit til å spele av musikk og ulike ressursar til å be. Det vert òg moglegheit til å henge opp lappar eller teikningar som vitnar til dei som kjem etter deg om bønene som er bedt tidlegare.
Det vert vatn og kaffi tilgjengeleg i bønerommet.
Ulike måtar å bli med:
1. De kan melde dykk til “vakter” gjennom døgnet – de kan gjerne be fleire saman! Start midnatt (natt til onsdag 21.10).
- «Booking» via online kalender: https://pray.24–7prayer.com/signup/a6e57e
Velg timen du vil be – skriv inn namn og e‑postadresse (du kan registrere deg som gjest utan å lage profil)
Lagre ved å trykke «finish». - Du kan òg melde deg på til Bjørnar Sæle om du har trøbbel med online booking:
Mail: bjornar@norkirken-nh.no
sms: 48605914
2. Bli med på fellessamlingar gjennom dagen:
- kl.9 – 10 | Felles: Bøn og lovsong
- kl.12–13 | Felles: Bøn midt på dagen
- kl.14–15 | Ungdom / Fresh – kan kome rett frå skulen
- kl.17–18 | Barn – ta med barna til ein time i tilrettelagt for barn i bønnerommet
- kl.19–21 | Felles: Bøn og lovsong
I desse tidsromma utvidar vi bønerommet med hovudsalen – tre fellessamlingar opne for alle som vil være med, og to eigne timar for hhv. ungdom og barn med foreldre.
Dersom du ikkje har moglegheit til å bli med på noko av det vi setter opp på Frekhaug bedehus dette døgnet, kan du kva tid som helst bli med i bønn der du er, og vite at det er nokre andre i fellesskapet som ber saman med deg, for landet vårt, nærområdet vårt og menighetene våre.
Bli med i smågruppe og teneste!
Ønskjer du å bli med i eit smågruppefellesskap som samlast jamleg i heimane for å dele tru og liv?
Ta kontakt med gruppekoordinator, Laila, eller pastor, Bjørnar.
Vi byggjer menigheten saman og vi har stadig plass til fleire i teneste!
- Ta kontakt her dersom du ønskjer du å bli med i ei av tenestegruppene eller berre ønsker ein prat om kva du har engasjement for eller ønskjer å bidra med inn i fellesskapet
- Du kan òg framleis svare på undersøkinga under som vart sendt ut før sommaren. Det tar berre eit par minutter, og gir deg sjansen til å respondere på ei rekke alternativ over kva du kunne tenke deg å bidra med, eller skrive inn dine eigne svar. Undersøkinga er ikkje bindande, men den gir oss større oversikt over kva folk ønskjer å bidra med, er nysgjerrige på eller kan tenke seg å vere med og utvikle vidare: [Til undersøkinga]
Ønskjer de nokon å snakke med tilbyr Norkirken Nordhordland samtale og sjelesorg, enten ved pastor eller andre vi har tillit til. Ta kontakt med Bjørnar eller nokon andre i leiarskapet.

