Om Norkirken Nordhordland

Visjon

«Vi vil æra Gud og formidla hans kjærleik» – dette er vår visjon. Vi drøymer om at menneske skal bli kjende med Jesus, få eit personleg forhold til han, og leve i Guds gode omsorg og plan med livet sitt.

Norkirken – ein del av Normisjon

Norkirken Nordhordland vart stifta 29. januar 2004, under namnet Oasefellesskapet. Sidan vart menigheten tilknytta Normisjon og tok namnet Norkirken Nordhordland.

Norkirken Nordhordland er ein sjølvstendig menighet med tilknyting til misjonsorganisasjonen Normisjon. Menigheten er ein del av Normisjon sitt forsamlingsnettverk. Norkirken Nordhordland er ein menighet for heile regionen Nordhordland.

Tilsette

  • Bjørnar Sæle, Pastor, 85 % stilling
  • Ingelin Reigstad Norheim, Lovsangsleiar, 20 % stilling

Leiing

Norkirken Nordhordland leiast av eit hovudstyre. Hovudstyret består av Åndeleg leiarskap og Driftsstyret. Medlemmane i hovudstyret blir demokratisk valde på årsmøtet kvart år. Leiar for hovudstyret er Laila Eidsheim Flaa. 

Bøn, barn og grupper

Bøn

Bøn er grunnmuren i menigheten, både i gudstenesta og i smågruppene. Forbønnsteamet samlast jamleg for å planleggje og å leie bønearbeidet i menigheten. På alle gudstenester er det mogeleg å få personleg forbøn, og ei bønekrukke er tilgjengeleg for å leggje bøneemner i.

Barn og unge

I Norkirken Nordhordland blir barn og unge tatt på alvor. Barna har eige opplegg på gudstenestene og vi tilbyr grupper for tweens og ungdommar på ettermiddag-/kveldstid.

Saman med Frekhaug indremisjon driv vi ungdomsarbeidet Fresh annakvar fredag (i partalsveker) på Frekhaug bedehus.

Smårupper

Norkirken Nordhordland er en cellemenighet. I tillegg til gudstenestene samlast vi i smågrupper i heimane gjennom veka. Vi ønskjer at flest mogeleg skal finne sin plass i ei smågruppe, der vi deler liv, tru og fellesskap, og hjelper kvarandre til å leve som Jesu disiplar. Når cellene veks, delast dei til fleire celler/grupper. På denne måten veks menigheten.

Satsingsområder

I tillegg til bøn, smågrupper, gudstenester, barn og unge, ønskjer Norkirken Nordhordland å ha eit sterkt fokus på lovsong og tilbeding, å være eit inkluderande fellesskap, misjonsengasjement og fast givarteneste.

Medlemskurs og medlemsskap

Norkirken Nordhordland har i dag ca. 90 vaksne medlemmer, og ønskjer stadig fleire medlemmar velkommen til menigheten. Vi tilbyr medlemskurs ein kveld i semesteret. Medlemskurset er eit uforpliktande informasjonsmøte der du får innblikk i kva Norkirken står for, og kva det vil seie å være medlem. Alle som ønskjer å bli medlemmar i Norkirken Nordhordland må ta dette kurset som varer 1,5 — 2 timer, og underteikne ein avtale om medlemskap. Ein må være minimum 15 år gamal og døypt med ein kristen dåp for å bli medlem. Vi ønskjer at dei som går høyrer til fellesskapet, og deltek jevnlig på gudstenester og smågrupper, vert medlemmar. 

Medlemmar har høve til å melda inn barna sine som medlemmar i Norkirken gjennom familiemedlemsskap i Norkirken.

Ta kontakt med pastor Bjørnar Sæle eller hovedstyreleiar Laila Eidsheim Flaa for meir informasjon om medlemskap og medlemskurs.

Kvar samlast vi?

Norkirken Nordhordland leiger Frekhaug bedehus til gudstenester og enkelte andre møtepunkt.

Vi bruker òg regelmessig Nordhordland Folkehøgskule til enkelte gudstenester, som julegudsteneste og pinsefest, og av og til andre lokaler til andre arrangement.
Oppdatert stad for dei ulike arrangementa finn ein i kalender.

Smågruppefellesskapa samlast rundt om i heimane. 

Ungdomsarbeidet Fresh samlast på Frekhaug bedehus. 

Gudstenester

Norkirken Nordhordland inviterer til gudstenester for heile familien annakvar søndag (i partalsveker) klokka 11:00. Gudstenesta er prega av lovsang, livsnær forkynning og eige opplegg for barn og tweens. Norkirken Nordhordland praktiserer barnedåp og det er jevnlig nattverd, i gjennomsnitt annakvar gudsteneste. Det er mange frivillige medarbeidarar i sving som arbeider i grupper og team om gudstenestene. 

Misjonsengasjement

Norkirken Nordhordland støtter Normisjons internasjonale misjonsarbeid, og vi har eit særleg eigarskap og engasjement for prosjekta i Bangladesh.

Vi støtter Agenda1 som utruster leiarar og kyrkjer lokalt. Vi er òg med å støtter arbeid som gir mennesker moglegheit til utdanning, arbeid og som utruster familiar til å gi god omsorg for barna sine, som er avgjerande for barnas utvikling. 

Jamleg går kollektene våre til misjonsarbeidet og minst 10 % av menighetens samla inntekter, sendast vidare til Normisjon sitt internasjonale misjonsarbeid. 

Fast givarteneste

Du kan bli med i givartenesta gjennom avtalegiro, eller endre beløpet ditt ved å følgje framgangsmåten her

Kontakt

Ta kontakt med oss gjennom kontaktskjema eller ved direkte kontakt med den enkelte her

Nyhetsbrev

Meld deg gjerne på nyhetsbrev (e‑post) for oppdateringar om kva som skjer i Norkirken Nordhordland.