Gode vener i Norkirken!
På søndag feirer vi gudsteneste saman:
- Kongebarna og Sofagjengen
- Bjørnar taler om temaet “Røter – Planta ved rennande vatn”, frå Salme 1
- Vi feirer nattverd
Denne gudstenesta vert det òg konfirmasjon for Daniel Toppe.
Daniel og familien bur til vanleg i Roma, men har mykje familie i Nordhordland og fleire av dei tilhøyrer Norkirken. På søndag skal dei ha konfirmasjonsfeiring saman med storfamilien. Vi i Norkirken gler oss saman med dei og over å få være med å be for Daniel!
Alle er hjarteleg velkomne på:
- Bønnemøte før gudstenesta kl. 10.30 – i kontorfløyen bak scena
- Kyrkjekaffi etter gudstenesta – ta gjerne med kaffi/te og noko å bite i til kaffimat-bordet!
Kva skjer framover?
Fresh – fredag 21.august
I kveld er det klart for haustens første Fresh! Det er for alle ungdommar frå 8.klasse og oppover – inkl. VGS!
Dei samlast på Frekhaug Bedehus kl. 19:30 — 22:30
Følg gjerne Fresh på Snapchat for meir info!
Kva seier Bibelen om den som er knust og nedbøygd i ånda? – onsdag 2.september
Kven er dei «knuste» og «nedbøygde» som Bibelen snakkar om? Og kva seier det om Guds hjarte for menneske som er sårbare, undertrykte og utan makt?
Bli med på ei spennande bibelundervising ved Gerd Eli Haaland – ho er lege og tidlegare utsending til Bangladesh frå Normisjon, og frå Norkirken. Gerd Eli har mange års erfaring med arbeid blant “enker og farlause” – mellom kvinner utsette for menneskehandel, barn i sårbare livssituasjonar og med ICDP (International Child Development Programme) som har som mål å styrkje omsorgen og oppveksten for barn og unge.
Saman får vi utforske kva Bibelen seier om Guds hjarte for dei små og utsette – og kva det betyr for oss. Kyrkjetorget Frekhaug, onsdag 2.sep kl. 20–21:30
“Kva seier Bibelen” er for alle som ønskjer å dykke ned i nokre av Bibelens mange spanande emner – ungdom, vaksne og eldre!
Neste gudsteneste i Norkirken – søndag 6.september
Tale ved Andreas Lorange. Vi tar oss god tid deling etter talen.
Oversikt over heile hausten finn de her. Eventuelle endringar vert oppdatert fortløpande i kalendaren på nettsida.
Menighetsweekend nærmer seg – 11.–13.sep på Raknestunet
Det tikkar mot september og menighetsweekend – og påmeldingsfristen er berre nokre dagar unna!
Påmelding innan tysdag 25. august – send mail til john@henanger.net eller sms til 406 48 270
Vi håper mange vil bli med på ei kjekk helg saman – barn, ungdom, vaksne, eldre og gamle!
Ein del er allereie påmeldt, men det er framleis plass til fleire. Meld deg på du òg!
Det er viktig å melde seg på innan fristen då det nærmer seg tidspunkt for å sende inn antall og info om allergiar til Raknestunet.
Tema for leiren: Skapt for fellesskap – å leva med Gud og med kvarandre.
Meir informasjon, program, meny, påmelding og prisar finn du her
Bli med i smågruppe og teneste!
Ønskjer du å bli med i eit smågruppefellesskap som samlast jamleg i heimane for å dele tru og liv?
Ta kontakt med gruppekoordinator, Laila, eller pastor, Bjørnar.
Vi byggjer menigheten saman og vi har stadig plass til fleire i teneste!
- Ta kontakt her dersom du ønskjer du å bli med i ei av tenestegruppene eller berre ønsker ein prat om kva du har engasjement for eller ønskjer å bidra med inn i fellesskapet
- Du kan òg framleis svare på undersøkinga under som vart sendt ut før sommaren. Det tar berre eit par minutter, og gir deg sjansen til å respondere på ei rekke alternativ over kva du kunne tenke deg å bidra med, eller skrive inn dine eigne svar. Undersøkinga er ikkje bindande, men den gir oss større oversikt over kva folk ønskjer å bidra med, er nysgjerrige på eller kan tenke seg å vere med og utvikle vidare: [Til undersøkinga]
Guds fred!
Bjørnar Sæle
Pastor i Norkirken Nordhordland

